«Skogens menn er heil ved», skriv forfattar Ingar Kaldal i ein programartikkel til Heil ved. Velkommen til introduksjon før framsyninga!

Alle veit om ein gamal skogsarbeidar. Men kva arbeid gjorde dei i skogen? Kva for plass hadde dei i samfunnet? Og på kva måte har dei prega kulturen vår, spør Ingar Kaldal.

Han er professor i historie ved NTNU, og har skrive fleire bøker og artiklar om arbeid, daglegliv og grunnlagsspørsmål i historiefaget. Hausten 2022 gav han ut boka Skogens menn – minner og myter om hoggere og fløtere. Her tek Kaldal lesaren med inn i ein kultur som er i ferd med å gå tapt, og som ein gong var blant dei største næringane våre.

Bli med på introduksjon med Ingar Kaldal før framsyninga Heil ved, og bli betre kjent med denne delen av norsk historie. Introduksjonen er gratis og ope for alle, men det er avgrensa med sitteplassar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute.

Velkommen!

Toppfoto: Siri Buran Kaldal

Gratis

Vel dato for innsikt Introduksjon med Ingar Kaldal

  • Gratis
  • Gratis