Heil ved
Samtale med Anne Sverdrup-Thygeson og Kari Toft

Velkommen til introduksjon før framsyninga Heil ved, med Anne Sverdrup-Thygeson og Kari Toft
Det er éin ting som er enda flottare enn heil ved, meiner forfattar og forskar Anne Sverdrup-Thygeson, og det er død ved. Fordi døde tre er heimen til nesten ein tredel av artane i norsk skog. Og mange av dei er trua i dag.
Anne Sverdrup-Thygeson er ein av Noregs mest entusiastiske formidlarar av kunnskap om insekt og natur. Ho har skrive fleire kritikarroste bøker, og i 2023 kom ho med boka Skogen - Om trær, folk og 25 000 andre arter. Der spør ho mellom anna korleis vi menneske skal foreine behovet vi har for skogens råvarer, samstundes som vi vernar skog som heim for trua artsmangfald, som karbonlager og som ein stad for naturopplevingar.
Sverdrup-Thygeson er professor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås, der ho forskar og underviser i naturforvaltning og biomangfald. Ho har motteke fleire prisar, no sist Akademikerprisen 2023 for å ha «tatt på seg oppgaven å være titusenvis av små og stemmeløse arter sitt fremste talerør i en tid der naturmangfold er under sterkt press over hele verden».
Kari Toft er kveldens samtaleleiar. Ho har arbeidd som journalist i NRK og var i mange år programleiar for TV-programmet «Ut i naturen» og i fleire «Minutt for Minutt»-sendingar langs kysten av Noreg og på Svalbard. Kari bur i Elverum og eig både skog, motorsag og vedkløyvar.
No kan du møte Sverdrup-Thygeson i samtale med Toft før framsyninga Heil ved. Samtalen er gratis og ope for alle, men det er avgrensa med sitteplassar, så det kan vere lurt å vere tidleg ute!
Velkommen!
Foto Anne Sverdrup-Thygeson: Celina Øier/Kagge forlag
Foto Kari Toft: Ragnar Thorsteinsen
Gratis
Vel dato for innsikt Samtale med Anne Sverdrup-Thygeson og Kari Toft