Hip hop-kids inntek Hovudscenen

Laurdag blir Det Norske Teatret fylt av danseglade barn som skal få øve seg på sjølvaste Hovudscenen.

BIKUBEBARN: // URBAN ART ATTACK FOR KIDS //
LAURDAG 9. SEPTEMBER kl. 11.00 – 15.00

Breakekurs: kl. 11.30 – 12.15
Battling, show og jam: kl. 12.30 – 15.00
HOVUDSCENEN, DET NORSKE TEATRET

Bikubebarn er Det Norske Teatrets aktivitetstilbod for barn, og denne hausten blir programmet sparka i gang med Urban Art Attack for kids. Her får barna lære seg ein koreografi, dei får sjå barn som allereie kan mykje hip hop vise seg fram – og dei får danse ein heil masse på Hovudscenen under leiing av nokre av Noregs beste utøvarar innan sjangeren. men det treng ingen forkunnskapar for å vere med. Denne laurdagen er det Beatur som står for platesnurringa, medan Magnus Emaka Einang vil halde breakekurset. I tillegg vil LOTUS og Mathias Jiin Budtz rettleie under danse-seansen og dømme under battelen. Arrangementet passar for dei mellom 6 og 12 år.

HEILE PROGRAMMET FOR BIKUBEBARN I HAUST:

URBAN ART ATTACK FOR KIDS
LAURDAG 9. SEPTEMBER kl. 11.00 – 15.00

Her får barna både lære seg ein koreografi, dei får sjå barn som allereie kan mykje hip hop vise seg fram – og dei får danse ein heil masse på Hovudscenen under leiing av nokre av Noregs beste innan sjangeren. For dei mellom 6 og 12 år.

MINITEATERVERKSTAD SNØKVIT
LAURDAG 28. OKTOBER KL. 10.30-14.30, FRAMSYNING SNØKVIT KL. 15.00

Her får barna lage ei miniteaterframsyning! Dei får lage kostyme og scenografi, får teatersminke, lære ein koreografi og opptre på scenen framfor eit publikum. For dei mellom 6 og 12 år.

BØ OG BÆ – DEN MANGFALDIGE SCENEN
LAURDAG 11. NOVEMBER KL. 11.00-13.00

Den Mangfaldige Scenen arrangerer teaterøvingar på Det Norske Teatret. Med utgangspunkt i dei kjende bøkene om Bø og Bæ får barna mellom anna prøve ut korleis ein sau eigentleg snakkar. For dei mellom 4 og 12 år.

BLI KJEND MED TEATERET – GRAFITTI/COLLAGE
LAURDAG 18. NOVEMBER KL. 11.00-13.00

Verkstad med grafittikunstnaren Fru Bugge på målarsalen. For dei mellom 6 og 14 år.

Bli med i målarsalen på teateret. Der vil tilsette, saman med grafittikunstnaren Fru Bugge halde verkstad der du kan lage din eigen grafitti- og teiknekunst! Du får også ei omvising på resten av teateret.

HALLINGBREAK
LAURDAG 2. DESEMBER KL. 11.00-14.00

Halling og breakdans har mange likskapar. Breakar Marcus Andreassen og hallingdansar Anders Aasberg lærer barna både halling og break! For dei mellom 6-16 år.

DJ-VERKSTAD
LAURDAG 09. DESEMBER KL. 11.00-14.00

Barna vil lære å mikse, og kanskje til og med lage sin eigen låt? Dei anerkjende DJ`ane i Oh Mama!-crew står for verkstaden. For dei mellom 6-16 år