Her er våren på Det Norske Teatret

I dag la teatersjef Erik Ulfsby fram repertoaret for våren 2016 på Det Norske Teatret.

Han presenterte 8 nye framsyningar, blant dei det hittil største teaterprosjektet vårt så langt; Andre verdskrigen – natt i verda. I tillegg har vi mykje ny amerikansk dramatikk på plakaten, eit nytt stykke av Jonas Hassen Khemiri, klassikaren Romeo og Julie og ein heilt nyskriven versjon av Kvitebjørn Kong Valemon. 11 framsyningar tek vi med oss inn i det nye året.

I tillegg er det stor aktivitet på teatrets fjerde scene, Bikuben med både Bikubekveldar og Innsiksprogram.

Klikk her om du vil laste ned heile pressemateriellet