HEIL: Det Norske Teatret okkupert

Konseptkunstnaren Lars Ø. Ramberg har fått i oppdrag å jobbe med publikumsområda som ei forlenging av den største og kanskje mest ambisiøse produksjonen i Det Norske Teatrets historie; Andre verdskrigen – Natt i verda. Med prosjektet HEIL har Ramberg nærast okkupert det offentlege rommet i teatret.

HEIL
Kunstprosjekt av Lars Ø. Ramberg
Offisiell opning laurdag 27. februar kl. 23.30
30 minutt før urpremieren på framsyninga Andre verdskrigen – Natt i verda

I Det Norske Teatrets foaje har kunsten gradvis forsvunne. Skulpturar er dekte til, bilde er pakka ned i transportkasser og dekor er fjerna. Den store vindusfasaden er i ferd med å blendast med svarte teppe slik at det til premieren bokstaveleg talt blir natt på Det Norske Teatret. Ramberg har vald å gripe direkte inn i teaterets rom utanfor scenen ved å fjerne dei tinga vi kanskje ikkje alltid legg så nøye merke til, men som likevel er del av det å gå på teater. Kunst som til vanleg omgir oss og som vi kanskje ikkje legg merke til, roper mot oss med sitt fråver.

Alle totalitære regime fjernar kunst fordi ho er «upassande». Samtidig blir verdifulle kunstskattar krigsbytte. I eit demokrati blir ikkje kunsta fjerna, men ofte redusert til «pynt». HEIL er eit prosjekt som problematiserer kunstens rolle i begge perspektiv.

Tittelen HEIL er norsk og har ei kjent tyding. Men ordet gir òg klare assosiasjonar til Det Tredje Rikets slagord. HEIL er å sjå på Det Norske Teatret gjennom heile speleperioden til Andre verdskrigen – Natt i verda.

Les meir om kunstprosjektet HEIL.