Hausten 2016 på Det Norske Teatret

I dag la Det Norske Teatret fram programmet for hausten 2016. Nytt av året er at vi kan presentere filmar og podcastar med fyldig bakgrunnsstoff om programmet vårt allereie no.

Repertoaret er prega av ny og norsk dramatikk. Heile fem urpremierar står i kø i opninga av sesongen. Det spenner over ei rad samtidsaktuelle stykke som handlar om migrasjon i Europa, om nevrologi og hjernens løyndommar og om prestasjonssamfunnet. Det Norske Teatret er dessutan først ute med å dramatisere Jan Roar Leikvolls roman Songfuglen, og vi får oppleve Fosses kanoniserte verk Draum om hausten.

I tillegg blir det stor aktivitet på teatrets fjerde scene, Bikuben med både konsertar og Innsiksprogram.

Last ned heile pressemateriellet

 

Les om alle framsyningane på nettsidene våre

 

FOR INTERVJUAVTALAR OG MEIR INFORMASJON

Ida Michaelsen, informasjonssjef
T: 22 47 38 30 M: 414 45 345 E: ida@detnorsketeatret.no

Åsne Dahl Torp, informasjonskonsulent
T: 22 47 38 27 M: 986 235 73 E: aasne@detnorsketeatret.no