Gruppebestilling

Det løner seg å gå samla i teateret!

Ved samla kjøp av 20 billettar eller fleire kan du gjere ei gruppebestilling, og vi tilbyr om lag 20% rabatt på billettar til ordinær pris. Grupperabatt gjeld på alle ordinære framsyningar, men det kan gjelde andre reglar på gjestespel.

Reservering og fristar

Du kan reservere så mange billettar du vil, utan å binde deg, og justere fram til avtalt tid. Frist for endring/betaling blir fastsett ved kvar bestilling.

Bestilling av gruppebillettar

Du kan reservere og kjøpe gruppebillettar på epost til gruppe(@)detnorsketeatret.no eller i billettluka på tlf. 22 42 43 44.

Ønskjer du oppfølgjing i samband med gruppebestillingar? Bli gruppekontakt!

Gruppekontakt er eit servicetilbod for dei som ønskjer personleg oppfølging i samband med gruppebestillingar. Ordninga gjeld ved samla bestilling og betaling av 20 billettar eller fleire.

Som gruppekontakt får du:

* Automatisk nyheitsbrevet vårt på e-post, med fortløpande informasjon om repertoaret og annan aktuell informasjon.
* Personleg kontaktperson for gruppebestillingar og oppfølging.
* Tilrettelegging om du ønskjer meir enn framsyning, til dømes lett servering eller middag i Løve Restaurant & Bar i forkant av framsyninga, eller ei omvising på teateret.
* Invitasjon til prøveframsyningar i forkant av nye premierar. For at du kan halde deg oppdatert om kva vi har på repertoaret og kva som kan vere aktuelt å reservere billettar til.

Som mottakar av nyheitsbrev, godtek du vår personvernerklæring. Klikk her for informasjon om personvern og bruk av informasjonskapslar.

Meld deg som gruppekontakt via skjemaet under, og vi tek kontakt med deg.

Arrangement og selskap