Fulle folk i hopetal på Scene 2

Løyse livets gåter i fylla? Høyrest kjent ut, kanskje. Det er nettopp det ein del personar på ein internasjonal filmfestival prøver å gjere i stykket Fulle folk. Den russiske dramatikaren Ivan Vyrypaev har ikkje tatt tak i ein heimleg klisje. Ved å folke eit stykke med berre fulle karakterar går han rett til dei aller største spørsmåla i livet, utan å bli verken banal eller pretensiøs.

FULLE FOLK
NOREGSPREMIERE TORSDAG 8. OKTOBER KL. 19.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Under ei real fyllekule prøver eit knippe personar å komme nærare kvarandre, og å løyse livets store gåter. Menneska i Fulle folk er frigjorte for hemningar og konvensjonar, alt som får oss til å leggje band på oss. Kjenslene er utanpå kroppen. Dei tenkjer større, meir eksistensielle tankar, filosoferer. Dei tør å seie det dei verkeleg meiner, ting dei ikkje elles ville gjort. Dei tør å spørje etter meininga med livet. Utan å le.

Dette uvanlege utgangspunktet gir både regissør og skodespelarar heilt nye innfallsvinklar til det sceniske arbeidet med teksten og gir høve til å sjå på den ærlege samhandlinga mellom folk. Forma er både komisk og utfordrande.

Regissør Sigrid Strøm Reibo har signert fleire kritikarroste framsyningar og vann i 2012 Heddaprisen for beste regi. Spesielt vellykka er samarbeidet med den russiske koreografen Oleg Glushkov, som også er med denne gongen. Scenografi og kostyme er ved tyske Katrin Nottrodt. I eit slags eurotrash-univers med hentydingar til søplete bakgater let dei skodespelarane få spele ut dei vakre, rørande, komiske og mørke sidene ved rusen.