Fugletribunalet til scenen

Når tek ein skandale slutt? Det Norske Teatret dramatiserer Agnes Ravatns thrilleraktige suksess-roman Fugletribunalet.

FUGLETRIBUNALET
URPREMIERE LAURDAG 21. MARS KL. 17.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Marie Blokhus skal no stå i skammen. Som Allis Hagtorn er ho den suksessrike programleiaren frå statskanalen, som blir avslørt med sjølvaste NRK-sjefen på eit rom og i ein situasjon ingen av dei skulle ha vore i. Avkledd forbåde andres og eigen respekt forlet ho jobben, ektemannen og byen.

Som hushjelp i ein avkrok av ei bygd skal ho stelle hage, hus og lage mat for ein framand mann; Sigurd Bagge (Niklas Gundersen). Han har noko mørkt, mystisk – og skremmande tiltrekkjande ved seg. Snart blir Allis vevd inn i eit nytt spenningsfylt, men destruktivt forhold, som viser seg å vere langt farlegare enn ho først var klar over.

I teaterframsyninga let regissør Marit Moum Aune naturskildringar, scenetilvisingar og Allis´ indre dialogar bli framførte av eit «kor» – delvis med symboltunge fuglehovud. Stemningsfull musikk understreker bygderomantikken, Allis´ fascinasjon for å vende tilbake til naturen og det autentiske. Scenograf Milja Salovaaras gullforgylte altar med ein krossfesta svane i topp vitnar om kor trugande og farleg det vakre og tiltrekkjande kan vere.

– Forteljinga er så thrilleraktig, så elektrisk. Vi får heile tida akkurat nok informasjon til å henge med, og det gjer det utruleg spennande. Les heile intervjuet med Marie Blokhus

Sjå video med Marie Blokhus som Allis Hagtorn

Suksessroman

Da Agnes Ravatns roman kom ut, var kritikkane blanda. Nokre hylla romanen, andre kritikarar erklærte at boka måtte ha vore meint som ironi. Den frekke essayisten og tekstforfattaren Agnes Ravatn med erotisk thriller-roman? Boka fekk raskt stor merksemd og mange lesarar – sjølv om ho er på nynorsk. Ravatn har markert seg som ein skarp, vittig og satirisk observatør og gav i fjor ut Operasjon sjølvdisiplin, ei sjølvhjelpsbok for dei mange av oss som lar seg distrahere av – blant anna – sosiale mediar. Ravatn mottok den høgthengande P2-lytternes romanpris i 2013 for Fugletribunalet, og har for alvor gjort dei kritiske røystene til skamme.

… framleis er det sånn at kvinner som bruker sex for å oppnå noko anna, blir veldig sterkt sanksjonerte. Det er ein kjønnstematikk i boka, og sjølv i 2014 blir Allis sett på som ei fallen kvinne. Ho er ei moderne og likestilt dame, men med ein gong grunnen blir riven vekk under henne, fell ho ubehageleg raskt inn i ei tradisjonell kjønnsrolle – som hushjelp – utan at ho ser ut til å reflektere noko særleg over det. Politikken tek slutt med ein gong ho står aleine med skamma, ho blir servil og tener herren i huset. Ein kan ikkje ta heilt for gitt alle likestillingskampane som er vunne dei siste hundre åra.

Les heile intervjuet med Agnes Ravatn

INNSIKT 11. april kl. 17.00 inviterer Det Norske Teatret til ein samtale mellom redaktør i Klassekampens Bokmagasinet, Karin Haugen, og Agnes Ravatn.