Frank Kjosås forkledd som jente

I Songfuglen har Jan Roar Leikvoll (1974-2014) dikta fram eit totalitært kvinnesamfunn, der mennene er fordrivne for fleire generasjonar sidan. Her veks Jakoba (Frank Kjosås) opp, forkledd som jente.

SONGFUGLEN
URPREMIERE FREDAG 26. AUGUST KL. 19.30
SCENE 2, DET NORSKE TEATRET

Peer Perez Øian har regien på stykket, basert på Leikvolls bok, som er plassert i ein udefinert aust-europeisk tidskoloritt. Forfattarens klaustrofobiske univers blir levandegjort gjennom Sandra Kolstads atmosfæriske musikalske underlag og Dagny Drage Kleivas dystre scenografi, med assosiasjonar til ei svunnen storheitstid og falne regime. Saman er dei med på å male ut denne groteske, men òg skjøre og vakre forteljinga om å leve innestengd og ufritt.

Vi anar uro og spenning, krigen eller revolusjonen er nett over, dette er ikkje eit trygt samfunn. Utanfor bymuren bur «dei ville» mennene i skogen. Brutaliteten og valden ulmar under overflata og Jakoba sjølv er i fare. Føtene veks, skrittet klør og snart kjem stemmeskiftet. Det blir alvor når Jakoba kjenner dragning mot ei jente.