Woyzeck

Eit musikalsk mareritt. Skittenvakkert og ekspressivt. Slik er det når Tom Waits´ ekspresjonistiske og viltre musikkstil møter dei moralsk forkvakla karakterane i Woyzeck.

 

Tom Waits, mannen med den mørke og raspande stemma og Georg Büchner, det unge geniet som i 1837, i ein alder av 23 år, skreiv eit av dei mest fascinerande verka i det moderne teatrets historie. Denne versjonen av Woyzeck blei uroppført på Betty Nansen Teatret (København) i 2000, ei storhending som heile teater-Europa følgde med spenning. Robert Wilson hadde regien slik han hadde det da han saman med Waits laga den første såkalla art musical’en The Black Rider for Thalia Theater (Hamburg) i 1995. The Black Rider hadde Noregspremiere på Det Norske Teatret 3 år seinare (regi Carl Jørgen Kiønig), med Lasse Kolsrud i hovudrolla – ei framsyning som det framleis blir snakka om. Robert Wilson er ein av verdas mest kjende regissørar, og hadde si første regioppgåve i Noreg da han sette opp Peer Gynt på Det Norske Teatret i 2005.

Samfunnskritikk og svart humor

Woyzeck er eit marerittaktig fragment bygd på ei sann historie frå Leipzig i 1821, om ein soldat, Johann Christian Woyzeck, som drap kjærasten sin. Med innsikt og sosial harme portretterer Büchner den desperate soldaten. Det er ei samfunnskritisk historie som syner kva fattigdom og ein håplaus livssituasjon kan få eit menneske til å gjere. Dei forkvakla karakterane i Woyzeck grip begjærleg ein kvar sjanse til lukke – om berre for ei lita stund – å gløyme den miserable røyndomen dei lever i.

Silje Storstein og Hans Rønningen

Silje Storstein og Hans Rønningen

Tråkka på av alle

Hans Rønningen spelar Franz Woyzeck, som i den daglege kampen for å overleve, sel kropp og sjel til tvilsame medisinske eksperiment. Fysisk og psykisk øydelagt blir Franz paranoid, og da han oppdagar at kjærasten er utru, tek stemmene i hovudet over og han drep henne. Kven har skulda for drapet? Var det ho sjølv, som stod i med tamburmajoren? Var det legen som nytta han i medisinske eksperiment og som gjorde han psykisk ustabil? Var det tamburmajoren, som forførte kjærasten? Var det kapteinen, som stadig trakka på sjølvkjensla hans? Eller var det Woyzeck sjølv? Kor høg moral kan ein kreve av dei som står lågast på samfunnsstigen? Vi minnest Brechts ord frå Tolvskillingsoperaen; at først kjem maten, og sidan kjem moral.

Wilson fortalde meg om denne hundsa soldaten som blei utsett for medisinske eksperiment og som sakte blei galen av å ete erter. Han finn ut at kona er utru. Han kuttar strupen på henne og kastar kniven i vatnet, hoppar etter og druknar. Seinare blir barnet hans tatt vare på av landsbyidioten.

Eg sa, OK, eg er med. Du hadde meg med frå «kutta strupen på henne». Tom Waits