Vi som føler annleis

Bli med på jakt etter svar på den mannlege homofiliens gåter!

Med utgangspunkt i Noregs første bok om homofili, Finn Grodals bok Vi som føler annerledes frå 1957, vil regissør Carl Johan Karlson og fire skodespelarar spinne ut historier og situasjonar som illustrerer korleis det å vere homofil formar deg. Da Grodal skreiv boka si, var homofili forbode. Slik er det ikkje lenger. Men homofile er ei minoritetsgruppe, og blir framleis trakasserte, undertrykte og utsette for vald i samfunnet vårt.

Dette er ikkje ei kjensleladd forteljing om HIV og AIDS, men eit alvorleg og humoristisk skråblikk på kor skapet står i dag. Vi vil møte homofile frå ulike tider, sosiologar, mor og far, ein feminin gut, ein tilsynelatande kurert homoseksuell og mange fleire. Vonaleg finn vi nokre svar på kvifor unge framleis blir sveitte når dei skal fortelje det heime, kvifor dei får juling i skolegarden og kvifor menn framleis søker nærleik i parkane.

 

En person som er homoseksuell eller invertert, vil si at kjønnsdriften hos vedkommende, og dermed alle hans erotisk betonte følelser, er rettet mot individer av samme kjønn som ham selv. Med andre ord: homoseksuelle menn kjennetegnes ved at de har det med å forelske seg i menn. Øivind Eckhoff