Verden sa ja
av Kaia Dahle Nyhus

Kaia Dahle Nyhus si kritikarroste barnebok er ei original og fargesterk skapingsforteljing som no er blitt teater. Det byrjar i det tomme mørkret i verdsrommet. Så kjem lyset, tida, havet – og «ein gong var vi alle fisk».
Framsyninga gir eit storslått overblikk over planetens utvikling. Verden sa ja er full av morosame detaljar og overraskingar, men har samstundes ein vemodig undertone. Her får vi verdshistoria fortalt i enkle bilde, frå tidenes morgon til vår tids økologiske krisetid. Og kva skjer no – vi er jo aldri «ferdige», det er alltid noko meir vi kan utvikle eller ønskje oss.
Velkommen til ei visuell, fargerik og interessant forteljing for både barn og vaksne.
Passar for barn frå 3 år.
Gjestespel frå Unge Viken Teater.
Produsert av Unge Viken Teater og Barske Glæder Produksjoner.
Støtta av Spenn og Teater Innlandet.
Visuell guide

For barnehagar
For barnehagar er det utvikla ein visuell guide til framsyninga. Den inneheld ei beskriving av handlinga og ein presentasjon av kven ein møter, blant anna.
Les guiden!