Haustens festkveld i den urbane kunstens namn er her!

Her samlast dei råaste ambassadørane innan hiphopens element til ei feiring av det å uttrykke seg fritt anten det er gjennom MC`ing (rap/slam/song), dj`ing (musikk), grafitti (kunst) eller breaking!
Denne kvelden utvidar vi opningstidene litt , og inviterer til jam og ekstra hygge til god musikk! Den urbane kunsten tek over Det norske teatret i ein stor og søt harmoni!