Trilogien – Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd

Jon Fosses prisløna trilogi presentert samla på scenen for første gong.

Vakkert og intenst om kjærleik frå landet mellom draum, svevn og vake.

I samarbeid med Det Norske Samlaget presenterer vi Trilogien – Andvake, Olavs Draumar og Kveldsvævd – heile Jon Fosses prislønte verk i ei iscenesett lesing. Hausten 2015 fekk Jon Fosse Nordisk Råds Litteraturpris for trilogien om Asle, Alida og son deira. I sin særeigne, poetiske prosa skildrar Fosse i denne trilogien livsnære tema som kjærleik, skuld og forsoning.

Over tre kveldar framfører skodespelarar dei tre ulike tekstane i tilrettelagde opplesingar på Scene 3.