Tordis + Alfred = Toralf

  • Scene : SCENE 3
  • Pris frå: 210 ,-

Om å vekse opp i ein teaterheim.

I framsyninga gir Toralv Maurstad eit innblikk i teaterfamilien og korleis det var å vekse opp med dei berømte skodespelarane Tordis og Alfred Maurstad som foreldrer. I denne heimen handla det meste om teater. Musikken stod også sentralt i familien Maurstad. Pianisten Rune Alver står for dei musikalske bidraga i framsyninga.

Tordis blei sagt å ha ei magnetisk utstråling. Ho kom frå ein kulturinteressert heim, der faren var driftsstyrar av både Kaffistova og Bondeheimen i Kristiansund. Han var ein markant karakter i nynorskrørsla, og hadde tilnamnet «målkongen». – Så det var heilt naturleg for Tordis å søke seg til Det Norske Teatret, som ho var knytt til i over 50 år.

Alfred voks opp i Nordfjord, og var både spelemann, filmregissør og skodespelar. Her på Det Norske Teatret blei han aller mest kjend for rolla som Torgeir i Fossegrimen, der han framførte den berømte slåtten Fanitullen. Han var også den første som laga film på landsmål. Men den filmrolla han blir aller mest hugsa for, er som skurken Gjest Baardsen.

Rollene ble innstuderte i intenst samspel med skodespelaranes eigne liv og kjensler. Det var likevel ikkje sjølvsagt at Toralv skulle bli skodespelar. I framsyninga fortel Toralv om korleis dette gjekk til, og om korleis hans eigen skodespelarkarriere utvikla seg. Med ei musikkelskande mor og ein far som var hardigfele-virtuos, stod musikken alltid sentralt på både scenen og i heimen.

 

Framsyninga er eit gjestespel i samarbeid med Rune Alver og Toralv Maurstad.