Tonje Glimmerdal

Jenta med fart og sjølvtillit er tilbake!

Tonje Glimmerdal byr på latter, drama, tårer og musikk – mykje å gle seg til for både store og små.

Etter strålande kritikkar i 2013, er Tonje Glimmerdal tilbake på Hovudscenen!

Den tøffe jenta Tonje Glimmerdal er den einaste ungen i Glimmerdal. Ho fyller snart 10 år og lever etter mottoet «fart og sjølvtillit». Den beste vennen hennar heiter Gunnvald. Han er ein av dei eldste i Glimmerdal og er både stri og sta. Tonje er så glad i han at det knakar i hjartet. På rattkjelkane han lager til henne susar ho frå toppane og nedover i dalen medan ho syng av full hals, og når ho vil snakke har han tid til det. Og så spelar han fiolin, så heile Glimmerdalen blir fylt av mirakelmusikk. Alle i Glimmerdalen likar Tonje, unntatt campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje ungar i det heile og forbyr dei å komme til campingplassen hans. Elles er alt fint og som det skal vere.

Løyndommen

Men så blir noko forandra. Først får Gunnvald eit brev. Så skadar han seg og må på sjukehuset. Og plutseleg forstår Tonje at det er mykje ho ikkje veit om Gunnvald. Alt blir veldig komplisert for Tonje. Ho forstår ikkje vennen sin. Ho blir sinna. Og så er det nett som om alt går litt av hengslene ei stund. Men Tonje er jo ikkje ei jente som heng med hovudet. Tonje er ei jente som veit å ta saka i eigne hender og forandrar det som er vondt til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Men ho står på sitt. Ho er snart ti år gammal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre.

 

Lurer du på korleis det ser ut bak scenen? Ta ein kikk på filmen som viser korleis første prøvedag med kostymer og alt mogleg gjekk til!

Maria Parr

Maria Parr (f. 1981) blir kalla norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Ho har blitt samanlikna med både Astrid Lindgren og Johanna Spyri, som skreiv bøkene om Heidi som no i vår går som animert serie på NRK Super. Men først og fremst skriv Parr original og særeigen. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk det store gjennombrotet med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene hennar er omsette til ei rekkje språk, og ho har hausta ei mengd litterære prisar. Vaffelhjarte er filmatisert for NRK og blei sendt i 2011, og no går Tonje Glimmerdal til scenen her på Det Norske Teatret.

Passar for barn frå fem år og vaksne.