The Book of Mormon
Manus, musikk og songtekstar: Trey Parker, Robert Lopez og Matt Stone
Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengd alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Men så er det ikkje kven som helst som har signert verket. Trey Parker og Matt Stone har i årevis utfordra alle religionar, ideologiar og tankesett.
Dette er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengd alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Men så er det ikkje kven som helst som har signert verket. Trey Parker og Matt Stone har i årevis utfordra alle religionar, ideologiar og tankesett gjennom serien og filmen South Park. Ingenting er for heilagt for denne duoen.
Misjonærar i Uganda
Mange har hatt ein ung, velkledd og hyggeleg mormonar på døra. Men få har sloppe han inn. Det gjer vi. Med Vidar Magnussen som debutant i registolen følgjer vi to unge misjonærar på sitt fyrste utanlandsopphald. Dei blir sende til Uganda. Utfordringane er langt større enn dei kunne førestille seg. Der dei håpa å kunne spreie ordet om den viktige boka som vil gi deg eit betre og meir opplyst liv, møter dei eit lokalsamfunn som strir med aids, svolt, omskjering og lokale krigsherrar. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.
– Eg har stor respekt for mormonarane, seier Kristoffer Olsen.
- Eg er 100 % sikker på at folk vil bli provoserte, seier Kristoffer Olsen, som har ei av hovudrollene i The Book of Mormon.
For virkelighetens misjonærer handler det om å holde humøret oppe når ingen vil snakke med dem.
- Stjerne? Nei, jeg har vanskeligheter med å se meg selv som stjerne. Men jeg er glad for responsen, og jeg er stolt av det vi har fått til, for vi er en gjeng, sier Kristoffer Olsen (32).