Tante Jane

  • Scene : SCENE 3
  • Pris frå: 215 ,-
  • Premiere: Urpremiere 14. mars 2019

Pass deg for denne dama, ho kjem med dårleg nytt!

Kva ville du ha gjort om kvardagen kvelte deg, men du hadde øksa klar til hogg?

Møt tante Jane. Ho har sett fast sitt eige liv i halsen, men har ein plan. Ein dødeleg ein. Problemet er berre at det er fleire som har ein plan. Møt Frank. Han er nevøen til Jane, og på jakt etter cash. Med seg har han kompisen Jolle. Ein sofa å gøyme seg bak. Eit møte mellom to venninner. Ei flaske cava. Eit beger som har rent over. Dette kan da umogleg ende godt? For ikkje alle rike onklar bur i Amerika, og ikkje alle tanter svingar øksa slik som Jane.

Svart komedie

Tante Jane er eit nyskrive teaterstykke av Tore Renberg. Ein høgenergisk og kolsvart komedie med bananasfeminisme, alternativ rettferdskamp og hjelpelause samtidsmenneske fortapte i sitt eige drama. I tittelrolla møter du Marit Adeleide Andreassen, og regi er ved Fridtjof Såheim.

Tore Renberg

Tore Renberg er forfattaren bak blant anna bøkene om Jarle Klepp og Hillevågsgjengen. Han debuterte som dramatikar i 2007 med familieframsyninga Det Tusende hjertet (musikk ved Janove Ottesen) på Rogaland Teater, og har sidan fått sett opp Femti flotte år med Frode Kommedal, Indianeren og 3. august 1964 ved same teateret. Tante Jane er hans første stykke på Det Norske Teatret, og våren 2019 blir Indianeren sett opp i Tyskland.