Korleis hadde livet blitt dersom du hadde følgt den store kjærleiken?

Den stolte sauebonden Bjarne sitt liv går mot slutten. Men før han kan legge ut på den siste reisen må han gå i møte med seg sjølv, dei vala han tok, det livet han levde og det livet han ikkje tora leve.

Det blir ei saftig forteljing om intens kjærleik og livskamp, dampande erotiske minne blanda med svart humor og historier om glemte lik, låvføtte værar og dagen da Farmall-traktoren kom.

Den vesle romanen Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Birgisson vant den islandske bokhandlarprisen i 2010 og blei nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2012. Boka har vore dramatisert for teater i fleire land og ein film er på veg. På scenen står folkekjære Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen. Bergsveinn Birgisson har også skrive Den svarte vikingen, som Paramount Pictures lagar TV-serie av med norske Morten Tyldum som regissør.

Svar på brev frå Helga er ei gripende forteljing om moden kjærleik – om ein lidenskap som blir bestemmande for to menneskes liv, og som føder eit sakn dei to tar med seg inn i døden. Dette er Romeo og Julie for vaksne.

MED Helge Jordal og Ragnhild Gudbrandsen

Framsyninga er produsert av Det Vestnorske Teateret og er eit samarbeid med Riksteatret. Framsyninga blir vist i samband med Heddadagane 2020.
Produsert etter avtale med Teaterforlaget Songbird AS.