Stort og stygt

Sårt, varmt – og ikkje minst humoristisk – om kor angstfylt og lite glamorøst livet som småbarnsforeldre kan vere.

I stort og stygt møter vi to heilt vanlege nabopar. Det eine paret har eit barn og lever eit hektisk kvardagsliv – eit «småbarnshelvete». Det andre paret ventar barn og ser reint teoretisk og romantisk på foreldrelivet. Dei har heilt klare meiningar om korleis naboane med barn eigentleg burde takle sonen som skrik heile natta.

Når småbarnstilveret ikkje møter forventningane våre

Stykket har herlege spark til alle velmeinte råd, og all litteratur som skal fortelje oss korleis barn skal bli møtte av foreldra sine i alle situasjonar. Skilnadene mellom teori og praksis er grobotn for absurde og komiske situasjonar. Samstundes ligg det ei attkjenneleg uro og ein angst under teksten, for alt som kan gå gale, for at ein ikkje strekkjer til, og for at ein ikkje tar dei rette vala i avgjerande situasjonar. Olaug Nilssens stykke handlar også om korleis barnet ein set til verda, ikkje alltid møter forventningane foreldra har.

Olaug Nilssen på Det Norske Teatret

Tidlegare på Det Norske Teatret har Olaug Nilssen og regissør Marit Moum Aune signert Få meg på for faen; ei oppvekstforteljing frå distrikta. I 2011 blei publikum kjende med Liv og Ølgjær i Vi har så korte armar, som i all hovudsak tar for seg bygdestudentens møte med byen. No tar Olaug Nilssen steget over i ein ny livsfase. Familielivet har begynt og med det følgjer både utfordringar, sorger og gleder. I og med at dei to føregåande samarbeidsprosjekta har vore store publikumssuksessar, er det knytt høge forventningar til Stort og stygt, som også er eit bestillingsverk frå Det Norske Teatret i samband med jubileumsåret 2013.

Aktuell tematikk til å kjenne seg igjen i

Stort og stygt handlar om det å vere småbarnsforelder med alvor og humor som det er lett å kjenne seg att i for alle som har, har hatt eller planlegg å få barn. Det vanskelege spørsmålet rundt tidleg ultralyd eller ikkje blir også eit dilemma det eine paret blir stilt overfor. Det viser seg nemleg at sonen deira ikkje er heilt som alle andre. Dei blir usikre på om dei maktar å ta vare på ein unge til, når den dei alt har krev så mykje.