Kvifor er menneska så valdelege?

Vald finst i alle former. All mellommenneskeleg kommunikasjon og alle samfunns styresett kan lesast som valdelege. Det er alltid ein som har overtaket. Bryt du loven, kan du bli truga med vald, med loven i hand. Slik må det også kanskje vere. Men kvifor det? Kvifor er vi menneske så valdelege?

Utgangspunktet for at dramatikar Sarah Kane skreiv Sprengd, var den brutale krigen som gjekk føre seg i Bosnia på midten av 90-talet. Ho meinte at kimen til krig ligg latent i relasjonane mellom oss menneske. Gjennom stykket ville ho studere valdens fenomen gjennom ei poetisk og brutal forteljing om to fortapte sjeler.

Destruktiv leik

Regissør Kjersti Horn er blitt kjent som ein uredd regissør som ikkje går av vegen for å ta tak i dei mørkare drivkreftene som bur i oss menneske. I Sprengd er ho fascinert av den smerta som ligg i karakterane, og korleis denne kjem til uttrykk. Vi møter Ian som har kreft og skal døy, og Cate som er einsam og ulykkeleg. På eit hotellrom prøver dei desperat å nå kvarandre. Men deira forsøk på å finne nærleik og varme hos kvarandre endar i ein destruktiv og valdeleg leik. Jo meir hjelpelause dei blir, jo farlegare blir den farlege kampen mellom dei.