I Språkoppdraget skal vi forske i språk, prate om språk og finne meininga med språk. Med aktuelle gjestar og boblande språkundring borrar programleiarane Erlend Tårnesvik Dreiås og Inger Johanne Sæterbakk i aktuelle språkspørsmål. Det blir kunnskap, formidlingsglede og open bar. Denne våren skal vi sjå nærare på den engelske fare, og vi skal legge hjernen under lupa! Velkommen!

Språkleg samarbeid

Språkoppdraget er eit snakkeshow for deg som er nysgjerrig på språk, som søker i språket og leiter etter ny kunnskap og nye inngangar til språket. Her møtest vanlege språkbrukarar, språkforskarar og folk som er kjende for språket sitt til samtale om nettopp språk. Språkoppdraget er eit samarbeid mellom statens rådgivande språkorgan, Språkrådet, og Noregs største teater og nynorskinstitusjon, Det Norske Teatret. Med undring, kunnskap og formidlingsglede inviterer dei to institusjonane til populærvitskaplege samtalar om språk.

Arrengementa blir tolka til teiknspråk.

Framsyningar

Den engelske fare I sesongens første Språkoppdraget møter du mellom anna Daniel Ims, Morten Svartveit og Janne Bondi Johannessen.

Tid: 18. mars
Sted: Scene 3

Språkforskarar trekker ofte fram engelsk som den største trusselen mot norsk språk. Kor reell er denne trusselen? På kva måte har det norske språket påverka verdsspråket engelsk? Og kva for norsk er det dei norske utvandrarane til USA held i hevd? Make norwenglish great again!

Gjester er Janne Bondi Johannessen (professor i lingvistikk ved Universitetet i Oslo) Morten Svartveit (skodespelar ved Det Norske Teatret) og Daniel Ims (seksjonssjef i Språkrådet).

Det sit i hjernen I sesongens andre Språkoppdraget møter du mellom anna Gjertrud Jynge, Andreas Engvig og Terje Lohndal.

Tid: 29. april
Sted: Scene 3

Bli med på innsida av hjernen! Kor og korleis oppstår språket? Kva gjer at vi lærer språk, eller gløymer språk? Er hugsen ein teknikk vi kan trene opp? Korleis greier skodespelarar å lære seg så mykje tekst? Og er det eigentleg sant at det er lettare å lære seg eit nytt språk om ein er tjukk i hovudet?

Gjester er Gjertrud Jynge (skodespelar ved Det Norske Teatret), Andreas Engvig (overlege ved Oslo universitetssykehus, hjerneforskar og forfattar av boka Brems demens) Terje Lohndal (Professor i engelsk språkvitskap)