SPKRBOX er Noregs første og einaste hiphopteaterfestival. Sidan 2014 har festivalen vore ein møteplass for norske og internasjonale artistar og utøvarar.

Festivalen i år skulle ha gått av stabelen 14. november - 3.desember, men er dessverre utsett grunna nye koronatiltak.

Følg SPKRBOX-festivalen på
Facebook
Instagram
Nettsida


SPKRBOX samarbeidar med: Nordic Black Theatre/Caféteatret, Det Norske Teatret, Nationaltheatret, Vega Scene, Agenda X og Smile Studios.

Framsyningar

instantSPKRBOX Gruppe 1, 2, 3 og 4

Tid: Avlyst
Stad: Scene 2

48 timar. Tolv menneske. Fire grupper. Eit møte mellom hiphopscenen og teatermiljøet. instantSPKRBOX er eit stunt. Eit eksperiment. Det heile endar i ei stunt-vising for SPKRBOX-publikummet.

MED
Gruppe 1:
Elisabeth Topp (regissør), Oda Aunan (slampoet og skodespelar), Fabian Sveegard Tapia (dansar og skodespelar) og Georgia May Anta (dansar og skodespelar)
Gruppe 2:
Toril Solvang (regissør og dramatikar), Henrik Hoff Vaagen (skodespelar), Pumba (rappar) og Judy Nuambura Karanja (skodespelar).
Gruppe 3: Samir Madad (fotograf og musikar) og Hedda Sandvig (regissør og skodespelar).
Gruppe 4: Morten Joachim (regissør) og Sofian (musikar).

Campingkompaniet: Askeladden og de BESTE hjelperne

Tid: Avlyst
Stad: Scene 2

Campingkompaniet presenterer nok eit kjent og kjært folkeeventyr i ny og fargerik versjon!

Mange kjenner dette eventyret. Det som handlar om Askeladden som må bygge eit skip som går like godt til lands og til vanns og i lufta med, og bygger han det vinn han prinsessa og halve kongeriket. I tillegg må han ta med seg alle han møter på sin veg, for dei kan vere til nytte seinare. Men… kva skal ein eigentleg med prinsesser og eit halvt kongerike no om dagen? Og kven er det Askeladden tek med seg i skipet sitt? Er det dei same folka kvar gong, eller er det dagsforma til Askeladden som bestemmer kva for kvalitetar han søker etter i hjelparane sine? Ein ting er iallfall sikkert: Askeladden skal ikkje berre ha gode hjelparar, han skal ha dei BESTE. Velkommen til Campingkompaniets elleville univers der alt kan skje!

Passar for
familiar og barn frå 6 år.

MED
Sofia Knudsen Estifanos (skodespelar), Lisa Birkenes Thun (skodespelar), Mads Eldøen (regissør), Cathrine Frost Andersen (regissør).

Utkast: Førsteutkast og Blikk På få dagar jobbar ulike grupper saman. Arbeidet endar i to work-in-progress-visingar.

Tid: Avlyst
Stad: Scene 3

UTKAST er ein verkstad for utvikling av ulike idear med ulike kunstnarar. Gruppene får mellom fem og ti dagar til å jobbe i lag og endar i ei arbeidsvising under SPKRBOX-festivalen.

Daniel Yalew Steinset er rappar frå Tøyen og halvparten av gruppa “Tøyen Holding”. Benjamin Lønne Røsler er skodespelar og dramatikar og Kjell Moberg er teaterregissør, dramaturg, og kunstnarleg leiar for NIE (New International Encounter).
SPKRBOX har stor tru på desse talentfulle folka og på at desse tre kopla saman kan skape noko heilt unikt!

MED
Daniel Yalew Steinset aka. Mest Seff (rappar), Benjamin Lønne Røsler (skodespelar og dramatikar) og Kjell Moberg (regissør og dramaturg).

1 billett - 2 visingar: Billetten gjeld både UTKAST: Førsteutkast og Blikk.

Utkast: Førsteutkast og Blikk På få dagar jobbar ulike grupper saman. Arbeidet endar i to work-in-progress-visingar.

Tid: Avlyst
Stad: Scene 3

Om jenter som slost, myta Medusa og om svarte auge

I ein skolegård i Oslo barkar ein gjeng jenter saman i eit masseslagsmål. Berre nokre dagar seinare skjer det igjen. Videoane frå klasserommet og frå skolegarden er brutale. Pressa skriv; “jentene slåst på grunn av «blikking» i skolegarden.”

Blikk er ei framsyning for ungdom om å sjå og bli sett. Om posisjonering, vennskap, mobbing og om følelsar.

MED
Mine Nilay Yalcin (regissør), Jenny Mueni Ndunda (skodespelar), Hina Zaidi (skodespelar), Madeleine F. Røseth (skodespelar), Amalie Eggen (skodespelar), Giulia Hellesdatter Roi (skodespelar), Christine Helland (dramaturg).
Framsyninga er produsert av Mine Nilay Yalcin i samarbeid med SPKRBOX.

1 billett - 2 visingar: Billetten gjeld både UTKAST: Førsteutkast og Blikk.

Workshop med Raid Al-Idani

Tid: Avlyst
Stad: Rommen Scene

Dansar Raid Al-Idani frå Juice Crew vil undervise i den eigenutvikla dansestilen han kallar “rask dynamikk”. Det blir hiphop, masse energi og ikkje minst; det blir gøy!

Raid Al-Idani har utanom Juice Crew jobba profesjonelt som koreograf og dansar i ti år. Han har gjort ei rad danseoppdrag, verkstader og opptredenar rundt omkring i heile landet. Han har også vore med på Norske talenter og Mitt dansecrew. Raid har også lang erfaring med dans for barn og ungdom.

Kurset er gratis.
Passar for deg som er mellom 15 og 30 år.
Kurset går over to dagar.
NB!! Det er berre 9 plassar.

fokus¨ - ei fotoutstilling av Samir Madad

Tid: Avlyst
Stad: I foajeen i 1. høgda

Samir Madad (f.1995) er ungdomsleiar, fotograf og musikar. Han har jobba som frilansfotograf sidan 2016 og driv mykje med event- og konsertfoto i tillegg til pressebilde. Samir har blant anna tatt bilde til antologien Ungdommen nå til daX, magasinet TrAp, bokomslaget til Iman Meskinis bok #minhistorieminmening og albumomslagfoto for artistar som Fela, Nalband og Don Martin. Samir arbeider også som ungdomsleiar og musikkstudio-produsent ved Antirasistisk senters ungdomsavdeling Agenda X.

Gjennom åra som fotograf har Samir Madad tatt bilde av reisa han har gjort. Gjennom ulike tilfeldige hendingar blei fokus¨ til. Ei utstilling om ro i bråk, stilla i rørsle, det obskure i det klare, og kor ufokuserte vi kan vere i eit monotont tilvære.