SPKRBOX står bak suksessar som Blokk til blokk, Linje 5 og SPKRBOX-festivalen, ein festival for hiphop og teater.

I desember gjestar SPKRBOX Det Norske Teatret med eit knippe framsyningar.

Følg SPKRBOX på
Facebook
Instagram
Nettsida

Framsyningar

Campingkompaniet: Askeladden og de BESTE hjelperne Campingkompaniet presenterer nok eit kjent og kjært folkeeventyr i ny og fargerik versjon!

Tid: Laurdag 11. desember kl. 15.00 - 15.45
Stad: Scene 2

Mange kjenner dette eventyret. Det som handlar om Askeladden som må bygge eit skip som går like godt til lands og til vanns og i lufta med, og bygger ho det, vinn ho prinsessa og halve kongeriket. Men… kva skal ein eigentleg med prinsesser og eit halvt kongerike no om dagen? Og kven er det Askeladden tek med seg i skipet sitt? Ein ting er iallfall sikkert: Askeladden skal ikkje berre ha gode hjelparar, ho skal ha dei BESTE.

Passar for
familiar og barn frå 6 år.

Skodespelarar
Sofia Knudsen Estifanos og Lisa Birkenes Thun Regissørar Mads Eldøen og Cathrine Frost Andersen
Produsert av
Campingkompaniet i samarbeid med Det Andre Teatret

Kjøp billett

Beatur - Master of the universe Ein musikalsk performance. Dette er den ekte historia om Beatur.

Tid: 11. og 18. desember kl. 18.00 og 14., 15., 16. og 17. desember kl. 20.30. Varigheit: 1 time.
Stad: Scene 3

Med soloframsyninga Master of The Universe tek musikar, DJ og islandsk meister i beatboxing - Beatur - tak i si personlege historie om å vekse opp i ein alkoholisert party-heim i Reykjavik på 90-talet.
Det handlar om å oppdra seg sjølv, om å springe ifrå ansvar, den evige jakta etter å fylle svarte hol, ta flest moglege snarvegar, om å leve med sjukdomen sjølvbedrag og om å miste evna til å meistre sitt eige liv.

Idé og utøvar Beatur Regissør Toril Solvang Lysdesignar Martin Flack
Produsert av
SPKRBOX. Framsyninga er støtta av Fond for utøvende kunstnere, Kulturrådet – Norsk-Islandsk Samarbeid og Nordisk kulturkontakt

Kjøp billett

Førsteutkast

Tid: Fredag 17. desember kl. 18.00 - 19.00
Stad: Scene 3

UTKAST er ein verkstad for utvikling av ulike idear med ulike kunstnarar. Gruppene får mellom fem og ti dagar til å jobbe i lag og endar i ei arbeidsvising.

KØBER er rappar frå Nesodden og ga i 2021 ut EPen Førstemann. Benjamin Lønne Røsler er skodespelar og dramatikar. Kjell Moberg er driven teaterregissør og kunstnarleg leiar for Kloden Teater i Oslo. SPKRBOX har stor tru på desse talentfulle folka og på at dei tre kopla saman kan skape noko heilt unikt i lag!

Rappar Johan Julius KØBER Skodespelar og dramatikar Benjamin Lønne Røsler Regissør Kjell Moberg
Framsyninga er støtta av
Kulturrådet

Kjøp billett

fokus¨ - ei fotoutstilling av Samir Madad

Stad: I formidlingsrommet i U2

Samir Madad (f.1995) er ungdomsleiar, fotograf og musikar. Han har jobba som frilansfotograf sidan 2016 og driv mykje med event- og konsertfoto i tillegg til pressebilde. Samir har blant anna tatt bilde til antologien Ungdommen nå til daX, magasinet TrAp, bokomslaget til Iman Meskinis bok #minhistorieminmening og albumomslagfoto for artistar som Fela, Nalband og Don Martin. Samir arbeider også som ungdomsleiar og musikkstudio-produsent ved Antirasistisk senters ungdomsavdeling Agenda X.

Gjennom åra som fotograf har Samir Madad tatt bilde av reisa han har gjort. Gjennom ulike tilfeldige hendingar blei fokus¨ til. Ei utstilling om ro i bråk, stilla i rørsle, det obskure i det klare, og kor ufokuserte vi kan vere i eit monotont tilvære.

Utstillinga er støtta av
Kulturrådet