Korleis blei Charlie og sjokoladefabrikken til?

Kva gjer skodespelarane før framsyning? Korleis blir ein Ompa Lompa laga? Korleis ser det ut bak scenen? Bli med på omvising å få innsyn i alle teater-hemmelegheitene!

Det Norske Teatrets Hovudscene er kanskje imponerande på avstand, men å sjå sjølve scenen frå baksida kan vere ganske overveldande. De får høyre anekdotar frå tida da framsyninga blei til og frå speleperioden.

Turen vil også gå innom verkstadane der scenografi, kostyme og rekvisittar er blitt tilverka. Målet er at ein skal bli litt klokare på korleis eit teater går fram for å sette i scene ein så stor musikal, men også få nokre innsidekunnskapar å briefe med til dei som ikkje har vore på omvising.

Spoiler-åtvaring! Dersom du ikkje har sett musikalen før og ikkje anar noko om handlinga, kan det hende at du får vite eitt og anna som elles vil vere ei overrasking.

Praktisk

Omvisinga vil ta ca. 40 min.

Vi gjer merksame på at Det Norske Teatret er ein arbeidsplass, og nokre gonger er det restriksjonar på kor vi kan gå.

Rundt på huset er det store avstandar og ikkje alltid høve til å bruke heis. Vi legg til rette for at alle skal kunne vere med, men treng beskjed om dette i god tid på førehand.

Vi gjer merksame på at billett til omvisinga ikkje inkluderer billett til framsyninga. Ønskjer du å sjå Roald Dahls Charlie og sjokoladefabrikken må du kjøpe billett til denne separat.
Kjøp billett her!

Pris

60,- for barn/unge opp til 25 år og 100,- for vaksne.