Spelemann på taket

Verdas vakraste musikal?

I år var det 47 år sidan Lasse Kolstad for første gong kom inn på scenen med kjerra si som mjølkemannen Tevje i denne ikoniske musikalen. Dagens Tevje, Pål Christian Eggen, har vist seg verdig til å overta draumen til Tevje og songstrofa som blei Kolstad sitt varemerke; «Om eg var ein rik mann…». I lag med kona, Golde, har han fem døtrer å ta seg av. Fem døtrer som skal bli godt og rikt gifte, og aller helst etter den jødiske tradisjonen, som står i fare for å gå i oppløysing. Det er ikkje berre ei moderne tid som trugar, men også tsaren, som prøver å utrydde den jødiske landsbygda og den jødiske kulturen. Den vesle landsbyen Tevje budde i låg like utanfor Kiev i dagens Ukraina, ein del av ein livskraftig jødisk kultur som det ikkje lenger var plass til.

 

Ny versjon

Regissør og teatersjef Erik Ulfsby og resten av det kunstnarlege teamet har grave djupt i den jiddiske tradisjonen og den særeigne jødiske klezmer-musikken for å få inspirasjon til eit både fargerikt og samtidig uttrykk som kler Spelemann på taket og understrekar tematikken i stykket. Ein enkel og effektiv scenografi rykker forteljinga ut av ei forkloristisk fortid og inn i meir dagsaktuell ramme.

Spelemann på Det Norske Teatret

Spelemann på taket har vore sett opp på Det Norske Teatret to gonger før, i 1968 og 1987. 1968-versjonen blei ein av dei største publikumssuksessane i Det Norske Teatrets historie med 284 framsyningar og 130 906 besøkande. På turné i Noreg året etter blei framsyninga vist 51 gonger, og endå 25 802 fekk oppleve Lasse som Tevje.

Høyr Pål Christian Eggen synge den kjente songen «Om eg var ein rik mann»