Soga om Egil Skallagrimsson

Brutal viking og talentfull skald.

Soga om Egil Skallagrimsson fortel om ein av våre mest brutale forfedrar. Men det er også den islendingesoga som borar djupast i menneskesinnet.

Soga om Egil Skallagrimsson i Morten Cranners versjon er blitt eit viking-action-komedie-kvad basert på eit over 1000 år gamalt rykte. Framsyninga følgjer livet til Egil på 800 og 900-talet, frå fødsel til død, i krig og kjærleik, og gjennom Egils eigne kvad. Historia blir leika fram av eit sprekt ensemble som oppfinnsamt nyttar seg av enkle teatereffektar og tallause kostyme frå roteloftet.

Egil Skallagrimsson var ein hemngjerring og brutal galning, ein av dei siste berserkvikingane. Han kjempa heile livet for å vinne tilbake slektsgarden i Noreg, som faren hadde mista. Men han var også mellom dei første vikingskaldane som dikta om sitt indre liv. Han kunne drepe ein mann i den eine augneblinken, og sitere eit kvad om dette i den neste.

I denne soga blir det ikkje spart på dramatikk, og kontrasten mellom brutalitet og eit litterært språk gjer den til ei både vakker og mektig forteljing om fridom og det å vere menneske.

Dei viktigaste kvada er henta frå Islendingesogene,
Soga om Egil Skalla-Grimsson, omsett av Erik Simensen (Saga Forlag 2014)
og Egilssoga, omsett av Leiv Hegstad (Samlaget 1978)