Snøfrid

  • Scene : SCENE 3
  • Pris frå: 215 ,-
  • Premiere: 23. februar 2018

Samekvinna som gifta seg med den norske kongen Harald Hårfagre, mannen som samla Norge til eitt rike.

Ei dramatisk forteljing om maktkamp, intriger og kjærleikens magiske kraft.

Ein av dei underlegaste passasjane i Snorres kongesagaer er forteljinga om Snøfrid Svåsedatter, samekvinna som gifta seg med Harald Hårfagre før han blei mannen som samla landet til eitt rike. Ho var så vakker at kongen gløymte alt anna og forsømte stillinga si. Fire barn fekk dei i lag, før Snøfrid døydde i barselseng og Harald gleid inn i ein psykose.

Snøfrid var like vakker død, som da ho levde, og derfor blei ho liggjande på likstrå i heile tre år. Hårfagre var sikker på at ho kom til å vakne igjen.

Dramatikar Arne Berggren har gått inn i Snorres forteljing og prøvd å finne ut kva som eigentleg skjedde før Harald Hårfagre samla Noreg til eitt rike.

Framsyninga er eit gjestespel frå Det samiske nasjonalteatret Beaivváš

Regi: Haukur J. Gunnarsson
Koreograf/Regiassistent: Elle Sofe Henriksen
Scenograf: Bård Torbjørnsen/Maja Von Hanno
Kostymedesign: Berit Marit Hætta
Lysdesign: Steinar Lohne
Komponist: Olav Johan Eira
Maske/Parykk: Trude Sneve

Skodespelarar: Ingá Márjá Sarre, Ánte Siri, Anitta Suikkari, Mary Sarre, Iŋgor Ántte Áilu Gaup, Anja Bongo Bjørnstad, Egil Keskitalo

Scenespråk: Nordsamisk. Blir teksta til norsk.