Slaveri har vore forbode over heile verda i over 200 år.

Likevel er det høgst til stades. Over alt, heile tida. Ja, også her i Noreg, faktisk.

Resirkulerer du dei gamle gardinene dine som du er lei av, før du kjøper deg nye? Sel du kleda du er lei av på Finn, før du kjøper nye? Ja, for du er oppteken av miljø og gjenbruk, sant? Og du likar vel sjokolade? Så fint! Da er du sikkert også klar over at dei nye gardinene, den nye toppen og sjokoladen mest truleg er laga av vaksne eller barn som arbeider under slaveliknande forhold?

Snur på vande førestellingar

Men kva om korta blei bytt om? Slaveliv tek publikum med på fleire ulike tankeeksperiment for å snu på vande førestillingar, ofte ved hjelp av små, enkle og provoserande grep. Vi blir mellom anna med til ei verd som består av to folkeslag. Det eine folkeslaget er vakkert, klokt og velståande. Det lever i perfekt harmoni med naturen og har forstått verdien av ein berekraftig livsstil. Men dei er lykkeleg uvitande om kor alle tinga deira kjem frå. Det andre folkeslaget bur under jorda og dei er sterke, men nokså enkle. Dei produserer ein heil masse ting som blir sende langt vekk. Kor tinga blir sende anar dei ikkje. Skal undrast om det finst nokon skjult samanheng?

Velkommen til bruktslavehandelen!

I ei anna forteljing blir vi med til noko som minner om ei bruktbilforretning. Berre at i denne butikken er det menneske det blir forhandla om. I eit tredje eksperiment er det vi i Vesten som er «lykkejegerar» på veg til ein betre kvardag på det afrikanske kontinentet, og blir tekne imot med fordommar og rasisme. Alle desse forteljingane utgjer ein mosaikk som har fått tittelen Slaveliv. Det minner om ein slags heseblesande montasje der vi skal gjennom mange uttrykk og sjangrar. Slaveliv er ein kabaret over forbrukarsamfunnets blindsoner. Klede, elektronikk, matvarer, skjønnheitsprodukt, store idrettsarrangement… Heile den vestlege levestandarden er fundert på at nokon gjer ein jobb under forhold vi aldri kunne finne på å akseptere. Vi veit at det finst, men vi vel alle aktivt å fortrengje den urett som ikkje rammar oss sjølve. Slaveliv er eit slags brechtiansk lærestykke på speed.

Den tyske dramatikaren Konstantin Küspert tek opp temaet gjennom ulike scenario som set grunnlaget for vår livsførsel i eit grelt lys. Men slapp av! Det blir gjort med humor. Velkommen til teateret!