Skål for dommedag!
av Michel de Ghelderode

– Døden, eller angsten for døden, går aldri av moten, seier regissør Stein Winge. Skål for dommedag av den belgiske dramatikaren Michel de Ghelderode (1898-1962) skildrar eit samfunn på randa av samanbrotet.
– Døden, eller angsten for døden, går aldri av moten, seier regissør Stein Winge. Skål for dommedag av den belgiske dramatikaren Michel de Ghelderode (1898-1962) skildrar eit samfunn på randa av samanbrotet. Stykket er kanskje betre kjent som Le Grand Macabre som i Ligetis opera over stykket. Det skriv seg inn i ein surrealistisk og absurd teatertradisjon der stemninga svingar mellom det humoristiske og det dystert burleske, det groteske og det oppstemte, som i måleria til dei flamske renessansekunstnarane Bosch og Brueghel. Handlinga går da også føre seg i Bruegelland.