Så vakker du er

Om å gripe dei sjansane livet gir.

- Det er rart, sa eg. - Kva då? svarte Kjersti. - Kor glad og ulykkeleg ein kan vere på same tid, svara eg.

Det er sommar og alt er annleis. Henrik er nett ferdig på ungdomsskulen. Onkel Simon flyttar inn hos Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold. Men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Det er ikkje vanskeleg å sjå kva slags veg det ber, men ingen seier det rett ut. Henrik er femten år, og mora synest han er for ung til å vere med på onkelens reise mot slutten.

Den første kjærleiken

Men livet er ikkje berre svart. Samstundes som Henrik er trist på grunn av onkelens sjukdom, er han forelska i ei jente i klassen, Kjersti. Han seier til Simon at dei har kyssa, sjølv om dei ikkje har det. Han tore ikkje da han hadde sjansen, men trudde kanskje onkelen ville bli glad dersom han sa hadde gjort det. Men kanskje kan det bli sant? Snart kjem Kjersti heim frå ferie i Italia, og Henrik lurer på om ho har sakna han.

Så vakker du er handlar om ein gut som er i ferd med å bli ein mann, mens ein annan ung mann visnar bort. Men mest av alt handlar det om at ein må gripe dei sjansane livet gir.

 

Brageprisvinnar

Så vakker du er blir fortald med varme og humor av eit musikalsk og samspelt ensemble. Det er regissør Miriam Prestøy Lie som har dramatisert Brynjulf Jung Tjønns Brageprisvinnande ungdomsroman for scenen. Den kritikarroste artisten Thea Hjelmeland har laga eit stemningsfullt musikalsk bakteppe for handlinga, og er også med som skodespelar for første gong. Framsyninga er også scenedebuten til hovudrolleinnehavar Petter Winther, som gjekk ut frå skodespelarlina ved KHiO i fjor med master i skodespelarfag.

 

Så vakker du er er eit gjestespel frå Sogn og Fjordane Teater.

DRAMATISERING OG REGI
Miriam Prestøy Lie
MUSIKK
Thea Hjelmeland
SCENOGRAFI OG KOSTYME
Dagny Drage Kleiva
VIDEODESIGN
Åsmund Bøe

MEDVERKANDE
Thea Hjelmeland
Idun Losnegård
Kyrre Eikås Ottersen
Petter Winther