Tenk om det fanst ein sånn ven som du kan fortelje absolutt alt til, også det som dei vaksne ikkje treng å høyre? Nokre gonger forstår heller ikkje dei vaksne kvifor barn er lei seg eller keiar seg, og ikkje vil gjere dei same tinga som dei.

Tenk om det fanst ein sånn ven som du kan fortelje absolutt alt til, også det som dei vaksne ikkje treng å høyre?
Nokre gonger forstår heller ikkje dei vaksne kvifor barn er lei seg eller keiar seg, og ikkje vil gjere dei same tinga som dei. Dei vaksne har heller ikkje alltid så god tid til å svare på alle spørsmål om alt det forunderlege som finst i verda.

Pelle Hare er haren som har hoppa over mange fjell og som er alle barnas ven. Han har sin eigen joik. Ein sånn joik som barn kan joike viss dei vil at Pelle Hare med dei lange øyra skal dukke opp.

Kor gammal er du? Ja, det veit du heilt sikkert. Vi veit ikkje kor gammal Pelle Hare er, men han har for veldig lenge sidan også vore i England, den gongen då dronninga i England var lita. Pelle Hare kan sjølvsagt også mange språk, han har jo gått på hareskolen.

Dei vaksne kan ikkje sjå Pelle Hare.

No har Pelle Hare komme til Sáttomielli, der Risten Iŋgá bur. I Sáttomielli er det av og til litt lite som skjer, ja faktisk litt keisamt, synest Risten Iŋgá, men når Pelle Hare kjem, ja då begynner det å skje mykje spennande i Sáttomielli!

Viss du av og til er litt lei deg, eller keiar deg, ja då skal du berre joike Pelle Hare sin joik, då vil han dukke opp! Hugs berre å gi han gulrøter, for det synest Pelle Hare er noko av det beste som finst.

Med: Anja Bongo Bjørnstad, Sarakka Gaup, Mary Sarre, Egil Keskitalo, Iŋgor Ántte Áilu Gaup, Nils Henrik Buljo.

For barn frå fem år og eldre.

Framsyninga blir spela på nordsamisk og er eit gjestespel frå Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš

Finn ut meir