Terningkast fem

«En Peer Gynt for evigheten... Denne må videooverføres, helst til hele verden»

Terningkast fem

«Mesterlig Maurstad! Det ligger lag på lag av norsk teaterhistorie og et langt levd liv når Toralv Maurstad tar rollen som Peer Gynt»

Terningkast fem

«Maurstads intense gamle Peer Gynt»

Peer Gynt er ved vegs ende. Han er sliten, medtatt og trøytt. Ferda gjennom livet har gitt mange oppturar, og enda fleire nedturar. Han har vore storkar og briska seg ute i verda. Møtt alle slags folk og skapningar, levd eit sjølvsentrert, vilt og engasjert liv.

Peer ville vekk – vekk frå Noreg, men mest av alt, vekk frå seg sjølv. Han ville skape seg om, utfalde seg, bli rik, han ville forbruke og han ville nyte. Men mot slutten av livet vender han heim, tydeleg merka av erfaringane han har gjort seg. No må han stå til rette for sitt eige liv. Kven var han eigentleg? Og toler livet hans møtet med Knappestøyparen?

Requiem

I sitt siste og endelege oppgjer, er dette ein Peer som ser tilbake på det livet han har levd. Publikum blir dregne med i ein minnestraum frå dei mørkaste krokar i fortida. Ei lang rad ulike minne dukkar opp. Det er som om Peer blar fram og tilbake i sitt eige fotoalbum, der eit heilt liv blir bretta ut og framkalla. Fram stig historier, møte og erkjenningar som blir spelt av eit stort ensemble på 14 skodespelarar, mellom dei fleire som spelar Peer i ulike aldrar.

Peers samtalar med Knappestøyparen rammar inn denne versjonen av Ibsens drama. Foto: Stig-Håvard Dirdal.
Peers samtalar med Knappestøyparen rammar inn denne versjonen av Ibsens drama. Foto: Stig-Håvard Dirdal.
Pål Christian Eggen er ein av dei yngre Peer-figurane. Foto: Stig-Håvard Dirdal.
Pål Christian Eggen er ein av dei yngre Peer-figurane. Foto: Stig-Håvard Dirdal.
Peer Gynt ser seg sjølv i lag med Solveig. Foto: Stig-Håvard Dirdal.
Peer Gynt ser seg sjølv i lag med Solveig. Foto: Stig-Håvard Dirdal.
I Dovregubbens hall. Foto: Stig-Håvard Dirdal.
I Dovregubbens hall. Foto: Stig-Håvard Dirdal.
Terningkast fem

«De samme valgene som gjør «Peer Gynt» strengt og hardt, gjør det også modig»

Toralv Maurstad ser frem til å bryne seg på den gamle kjenningen. I sitt siste og endelige oppgjør, er dette en Peer som ser tilbake på det livet som er levd.

Finn ut meir