Ein kveld, etter at Patrick har lagt seg, høyrer han at foreldra snakkar i lag på kjøkkenet. Han skal få ein veslebror! Men han forstår ganske raskt at den veslebroren ikkje er akkurat sånn som Patrick hadde tenkt.

Noko er annleis med babyen i magen, og kanskje vil det bli vanskeleg for han å lære å snakke. Men kvifor? Og korleis kan Patrick hjelpe den vesle broren som snart skal komme? Patrick vil ikkje belaste foreldra sine med spørsmåla han sit med, dei vet jo ikkje at han høyrde kva dei snakka om den kvelden. Han startar i staden ein samtale med den ufødde broren, og saman legg dei ut på ei reise for å finne svar på alt dei lurer på.

Den tyske dramatikaren Kristo Šagor har skrive ei både morosam og alvorleg historie om å handtere livets utfordringar, sett med blikket til ein 11-åring.
Šagors dramatikk ønskjer å bryte tabu på ein humoristisk måte, og ærleg belyse barna sine presserande spørsmål i møtet med vaksenverda.

Passar best for barn frå 10 år.

MED Jonas Andersen Sandvik, Didrik Hagberg

Gjestespel frå Brageteatret.
Produksjonen er eit samarbeid med Den Nationale Scene i Bergen.

Kjøp billett

Vel speledato for Patricks triks

  • Heddadagane 2023
    Ledige billettar
  • Heddadagane 2023
    Ledige billettar

Finn ut meir