Pakka inn i raudt! Det blir ikkje jul utan musikken. Det hev ei rose sprunge. Det lyser i stille grender. Eller Fairytale Of New York. Alle har vi ein song vi berre høyre for å få den endelege julestemninga. I år har vi utfordra nokre av dei sterkaste songkreftene i ensemblet vårt til å hente fram sine private juleskattar. Dei songane dei gjerne høyrer, framfører eller syng saman med familie og vener. Det blir garantert både kjente tonar, vakre salmar og nokre moderne klassikarar når Det Norske Teatret inviterer til julekonsert frå Hovudscenen, som er gjort om til eit meir intimt konsertlokale i dette høvet.

Vi pyntar og stemmer instrumenta for ein kveld fylt av julefavorittar frå dei yngste debutantane til dei meir erfarne nestorane på teateret. For det er nemleg gjengen frå Vikla inn i blått – Dylan på nynorsk som stiller scenen, stemmene og stemninga til rådigheit. Med Ina Svenningdal, Heidi Gjermundsen Broch, Morten Svartveit, Mimmi Tamba, Marie Blokhus, Gjertrud Jynge, Ingrid Jørgensen Dragland, Paul-Ottar Haga og Bjørn Sundquist ligg det an til ei uhøgtideleg høgtidsstund saman med jazzmusikarane frå Dylan-framsyninga. I tillegg til ei og anna overrasking, har komponisten på Bienes historie vore innom og lagt igjen ei ekstra julegåve til deg. Nils Bech avsluttar med O helga natt. Får du ikkje julestemning av dette, får du det aldri!

«Pakka inn i raudt» tek til i ein julete versjon av «Vikla inn i blått» rommet, original regi: Eirik Stubø, scenografi og kostymedesign: Erlend Birkeland

«I've got friends, but don't wanna bother
Now, red has become the loneliest colour»

Its Christmas after all • SKAAR
Gjertrud Jynge
Gjertrud Jynge
Morten Svartveit
Morten Svartveit
Ingrid Jørgensen Dragland
Ingrid Jørgensen Dragland

«Let your heart be light Next year all our troubles will be out of sight»

Have yourself a merry little Christmas • Hugh Martin, Judy Garland
Bjørn Sundquist
Bjørn Sundquist
Heidi Gjermundsen Broch
Heidi Gjermundsen Broch
Paul-Ottar Haga
Paul-Ottar Haga

Finn ut meir