Omvising – The Book of Mormon-spesial

Korleis blei The Book of Mormon til? Kva gjer skodespelarane før framsyning? Har alle mormonar-underbukser på? Korleis ser det ut bak scenen? Bli med på omvising å få innsyn i alle teater-hemmelegheitene!

Det Norske Teatrets Hovudscene er kanskje imponerande på avstand, men å stå på sjølve scenen kan vere ganske overveldande. I The Book of Mormon-omvisinga får publikum ikkje berre komme opp på Hovudscenen, men får også bli med inn bak scenen. De får høyre anekdotar frå tida da framsyninga blei til og frå speleperioden, og det er stor fare for å støyte på nokre av dei som er med.

Turen vil også gå innom verkstadane der scenografi, kostyme og rekvisittar er blitt tilverka. Målet er at ein skal bli litt klokare på korleis eit teater går fram for å sette i scene ein så stor musikal, men også få nokre innsidekunnskapar å briefe med til dei som ikkje har vore på omvising…

OBS! Dersom du ikkje har sett musikalen før og ikkje anar noko om handlinga, kan det hende at du får vite eitt og anna som elles vil vere ei overrasking.

Praktisk

Omvisinga vil ta ca. 45 min.
Vi gjer merksame på at Det Norske Teatret er ein arbeidsplass, og nokre gonger er det restriksjonar på kor vi kan gå.

Rundt på huset er det store avstander og ikkje alltid høve til å bruke heis. Vi legg til rette for at alle skal kunne vere med, men treng beskjed om dette i god tid på førehand.

Pris

60,- for barn/unge opp til 25 år og 100,- for vaksne.