Omvising

  • Scene : Omvising
  • Varigheit : 1 time
  • Pris frå: 60 ,-

Korleis ser Noregs største og mest moderne teaterhus ut frå innsida?

På omvising hos oss får du oppleve ein travel og spennande teaterkvardag frå innsida.

På omvising vil du få eit historisk tilbakeblikk på stiftinga av Det Norske Teatret og korleis eit nytt teaterhus blei reist. Du får bli med bak kullissane i eit levande teaterhus med fire scenar, prøvesalar, lydstudio og verkstader (målarsal, snikkarverkstad, kostymeavdeling, maskeavdeling og smie).

Vi gjer merksame på at Det Norske Teatret er ein arbeidsplass, og at det nokre gonger er restriksjonar på kor ein kan ferdast.

Rundt på huset er det store avstander og ikkje alltid høve til å bruke heis, så om du har nokre spesielle behov så meld dette til oss så snart som mogleg.

OPNE LAURDAGSOMVISINGAR

Kjøp billett på nett på førehand eller i billettluka når du kjem til teateret.
100 kr for vaksne/60 kr for barn og unge opp til 25 år.
Vi gjer merksam på at alle som skal på omvising må ha billett.
Omvisinga tar om lag 1 time.

GRUPPER

Vi tar imot gruppebestillingar på mellom 10 og 20 personar.
Pris pr. person er 100 kr og for skoleelevar 60 kr.
Om gruppa er på mindre enn 10 personar gjeld ein fast pris på 1000 kr. per omvising (600 kr. for skolegrupper).
For gruppebestilling kontakt oss på omvising(@)detnorsketeatret.no
Omvisinga tar om lag 1 time.

 

ENGLISH GUIDED TOURS

For groups. On demand.

Would you like to see more of the Norwegian Theatre, our history and what everything looks like behind the stage? We offer guided tours in English! Experience our colorful and vigorous house with four stages, rehearsal stages, workshops, hair and make-up department, costume department and much more.

We offer tours for groups between 10-20 people.*
Ticket prices: 100 NOK per person.
Running time: Approximately 1 hour.
For booking, please e-mail omvising(@)detnorsketeatret.no

*If your group is smaller than 10 people, we may offer you a tour for 1000 NOK.

Our house is massive, and we will climb around 200 steps as we move throughout foyers and spaces. While there are railings and a number of rests throughout the tour when the guide shares our stories, you will not have the opportunity to sit for any long period of time. Should you have less mobility than what we describe, please let us know before you arrive so we can accommodate your needs.
Please note that The Norwegian Theatre is a workplace for over 200 people, which might restrict the route of our tour.