Nila og den store reisa

  • Scene : HOVUDSCENEN
  • Pris frå: 235 ,-
  • Premiere: Urpremiere 13. oktober 2018

Ei familieframsyning med inspirasjon frå eventyr fortald over heile verda.

Nila har ein fantastisk fargerik fantasi som kan trylle fram dei mest utrulege historier om dragar og prinsar og havfruer og få dei rundt seg til å tru at det er sant. Men i heimlandet er det krig, og Nila må flykte saman med bestefaren som er sjuk, og den unge guten Yasin. I båten over havet er det eventyra hennar som gjer den forferdelege situasjonen mogleg å halde ut. Nila og den lange reisa er ei nyskrive satsing for barn på Hovudscenen – om forteljingas og førestillingas kraft til å overvinne mørkeret.

Dansk tospann

Maria Kjærgaard-Sunesen er ein anerkjent dansk regissør som tidlegare har sett opp Ingenting av meg på Scene 2 på Det Norske Teatret. No har ho fått i oppdrag å skrive og sette i scene haustens familieframsyning. Med seg har ho sin faste scenograf Mie Riis og saman presenterer dei ei historie som finn inspirasjon i eventyr frå heile verda.