Vil ein far gjere dei same feila som sin far sin og far hans?

Nattedogg startar med ein familie i Amerika på 50-talet. Ei mor er gravid med tvillingar som faren ikkje vil ha. Inne i magen treffer vi fostera, der dei førebur seg på å møte verda. Kva skjer med desse ungane? Vil dei klare å skape sitt eige liv? Nesten sytti år seinare møter vi dei igjen.

Dette er ei framsyning full av mystikk, absurditet og humor. To spørsmål følgjer generasjonane: Korleis skal ein leve i ein familie? Vil ein far gjere dei same feila som sin far og far hans?

Kolsvart humor

Nattedogg er skrive av den amerikanske dramatikaren Noah Haidle, og sjølv om Haidle er ein ung mann, er han alt ein gammal kjenning for Det Norske Teatret. I 2015 sette vi opp Lucky Happiness Golden Express, og i 2016 Herr. Marmelade. Det som kjenneteiknar Haidles dramatikk er den kolsvarte humoren i historiene hans. Nattedogg er ikkje noko unnatak.

Nattedogg er ei av to avgangsframsyningar etter endt bachelorutdanning ved Det Multinorske ved Det Norske Teatret/Nord Universitet.

Finn ut meir