Mor Courage og barna hennar

Krig, pengar og black metal

Kva moralske dommar har vi lov å felle over ei mor som berre vil halde liv i seg og barna sine?

Ane Dahl Torp gjer nok ei stor Brechtrolle, denne gongen Mor Courage. Tøff i trynet, rastlaus, hysterisk og redd – og med black metal som musikalsk reisefølgje.

Når ein høyrer storfolk snakke, så fører dei krig berre av gudsfrykt og for alt som er godt og vakkert. Men ser ein nøyare etter, er dei ikkje så dumme, men fører krig for vinnings skuld. Og elles ville heller ikkje vi småfolk vera med. Mor Courage

 

Nykomponert black metal-musikk

I eit kaldt og nakent scenebilde får Brechts kjende songar heilt ny musikk, spelt av eit svartmetallband, på scenen. Komponist Morten Bergeton Iversen, betre kjend som Teloch, (gitarist i band som Mayhem og Nidingr), erstattar Paul Dessaus originalmusikk. Den tyske regissøren ønskte seg eit heilt moderne, rått og støyande musikkuttrykk for å dra oss med inn i krigens redsler.

Krig er pengar

Handlinga i stykket går føre seg under trettiårskrigen (1618-48), og blei til like før den andreverdskrigen tok til for alvor, da Brecht sjølv var på flukt frå naziregimet, i nokre av dei same områda . Mor Courage reiser rundt med campingvogna og tuskhandelen sin, sel drikkevarer, våpen og det ho får tak i til soldatane og krigsherrane. Ho kjenner krigens vesen, veit kva tid ho bør selje og kva tid ho bør vente, så varene stig i verdi. Ho gjer pengar på krigen, men det kostar henne dyrt. Krigen set henne stadig på moralske prøvar der pengar og det å overleve blir sett opp mot det å redde liv. Går det an å leve av krigen, utan å sjølv bli eit offer for den, både fysisk og moralsk? Kva tyder det for oss nordmenn, som mellom anna lever av oljepengar og sal av våpen? Er ikkje vi òg krigsprofitørar? Er krig i det heile ein viktig motor i det det kapitalistiske systemet? Bertolt Brecht svarer på sin måte: Mor Courage blir forretningskvinne fordi ho er mor, og er ikkje mor fordi ho blir forretningskvinne. Hans provoserande tema blir visst aldri uaktuelt.

Mor-Courage-foran-campingvogna

Tysk stjernelag

Det Norske Teatret har henta inn eit heiltysk kunstnarleg lag til å setje i scene denne Brecht-klassikaren. Regissør Lars-Ole Walburg er kjend for å utforske etiske spørsmål i stykka han set opp og han ønskjer å gjere teatret til ein moralsk instans. Med seg til Noreg har han sitt faste lag som består av scenograf Robert Schweer, kostymedesignar Nina Gundlach og lysdesignar  Heiko Wachs, som alle besøker Noreg for første gong. Laget har nett hausta svært anerkjennande kritikkar for sin sceneversjon av Remarques Ikkje noko nytt frå Vestfronten ved Staatsschauspiel Hannover.

Oddgeir-Thune-syng-i-mor-courage