Visste du at vi nyttar om lag tre og eit halvt år av liva våre til å pusse tennene og stelle oss? At vi søv i gjennomsnittleg 27 år? Ser på TV og er på nett i 10 år? Ikkje det? Are Kalvø har saumfare tala i Statistisk Sentralbyrås Tidsbrukundersøking frå 2012, og funne fram til dei raraste ting vi bruker utruleg mykje tid på.

Er vi som lever her og no i det heile i stand til å gjere noko stort? Eller har vi for mykje anna å gjere? Kalvø leitar etter svar og nyttar skamlaust eksempel frå sitt eige liv og oppvekst, frå venner, kvardagsmenneske, politikarar, idrettsstjerner og andre kjendisar. Til å hjelpe seg på scenen har han eit lite husband, i tillegg til denne kveldens gjest - kulturministeren i 2017 da dette NRK-opptaket blei gjort; Linda Hofstad Helleland.

Finn Kalvø svaret?

Ikkje godt å seie, men han har tenkt å ha det morosamt medan han leitar. Og han har tenkt å bryte ut i song og digresjonar om alt frå plukkfisk til pubquiz, og kanskje – viss alt anna slår feil – i dans. Nyttar vi tida vår på dei rette eller dei gale tinga? Kanskje ligg svaret på eit av livets store gåter skjult i tala om tidsbruk. Kanskje sjølve meininga med livet.


Årets Sceneforestilling

Komiprisen 2015
Grafisk framstilling av tidsbruk.
Grafisk framstilling av tidsbruk.
Are Kalvø har mange humoristiske poeng når det gjeld kva vi nordmenn nytter tida vår på.
Are Kalvø har mange humoristiske poeng når det gjeld kva vi nordmenn nytter tida vår på.
Med seg på scenen har han også eit tomanns orkester.
Med seg på scenen har han også eit tomanns orkester.

«Det finnes mange gode grunner til å bruke nitti minutter med Are Kalvø»

Finn ut meir