Mens hjula står

- ein Oskar Braaten-kabaret

Unn Vibeke Hols kabaret har turnert sidan premieren i 2003, og er tufta på ein livslang kjærleik til Oskar Braaten og hans frodige, humoristiske og vemodige karakterar.

Framsyninga består av tekstar av den folkekjære arbeidardiktaren og songar som høyrer tida og miljøet til. Musikken er med på å skape eit Sagene i miniatyr – eit samfunn i spennet mellom flaska og Frelsesarmeen. Framsyninga balanserer hårfint mellom alvor og humor, men er sjeldan utan eit snev av begge.

Framsyninga blir vist på Oscarshall 20. mai i samband med Dronning Sonjas 80-årsdag.

Kjøp billettar hos Billettservice her