Lykke-Pers klassereise

  • Scene : SCENE 3
  • Pris frå: 215 ,-
  • Premiere: 12. april 2018

Ei personleg forteljing om ein generasjon.

Nokre leitar etter lykka heile livet, sjølv om den var ein hatt dei heile tida hadde på hovudet.

Gjennom tekst og kjende og songar frå mellom andre Brecht, Brel og Teodorakis, tek Det Norske Teatrets mangeårige skodespelar Sigve Bøe publikum med på ei reise gjennom ein generasjon. Mange, som Sigve, er fødde like etter krigen, og kan kjenne seg igjen i dessertgenerasjonens velstandsauke og politiske oppvakning. I si avskilsframsyning som fast tilsett skodespelar tek han oss med på Lykke-Pers oppturar og nedturar, idealisme og vonbrot, augeblikk av lykke og ulykke, store og små avgjerande episodar som har forma tilværet.

Somme vil kjenne seg igjen i Lykke-Per, eller kjenne ein som han. Han er fødd like etter krigen, under ei heldig stjerne som mor hans sa. – I dessertgenerasjonen i følgje far hans, med sølvskei i munnen, som dei sa, dei som like før han kom til verda og hadde opplevd krig og naud. Som ung kjente Lykke-Per slett ikkje takksemd. At han som kom frå ein såkalla alminneleg heim, altså som folk flest, skulle få universitetsutdanning tok han som ein sjølvsagt ting. I motsetning til generasjonane før han, fekk han oppleve ein levestandard som sjølv dei mest privilegerte i tidlegare tider ikkje har vore i nærleiken av. Har all denne olje- og griseflaksen gjort han – som mange privilegerte før han – grisk og grådig og forfengeleg, eller har han blitt fylt av takksemd, empati, altruisme – til og med lykke?