Lucky Happiness Golden Express

Kan det hende at sjølve illusjonen om lykka er med på å gjere oss meir ulykkelege?

Lucky Happiness Golden Express av den unge amerikanske dramatikaren Noah Haidle har gjort stor lykke på amerikanske og tyske scenar. Han er kjent for sine innsiktsfulle skildringar av vanlege middelklassemenneske med vanlege middelklasseutfordringar. Med varme og ein god porsjon svart humor legg han òg for dagen viktig kunnskap om samfunnsutviklinga. Regien er ved Jesper Berglund, som med denne oppsetjinga legg sin eksamen ved Dramtiska Institutet i Stockholm til Det Norske Teatret.

Dysfunksjonelle familieforhold

Noah Haidle (1978) er ein av dei mest interessante stemmene i amerikansk samtidsteater og gjer stor suksess med sin vågale og originale dramatikk. Familiesoga Lucky Happiness Golden Express fortel om ein far som har fått slag. To døtrer veit ikkje kva dei skal gjere, korleis dei skal takle at mannen dei elska og hata no ikkje er tilgjengeleg lenger. Den eine snakkar over seg. Den andre trekker seg inn i seg sjølv. Ei mor, som drog frå mann og barn for mange år sidan, dukkar opp på sjukehuset. Ho hugsar ikkje lenger kva dag det er og kvifor ho i si tid drog frå familien. Notid og fortid vev seg inn i kvarandre, med håp, draumar, illusjonar, sinne og kjærleik. Heile tida ligg det eit ønske der om å bli tilgitt for alle ord som aldri blei sagt, som skulle blitt sagt, som ville gjort det lettare å leve og å elske kvarandre.

Originalmusikk brukt i framsyninga: Crazy In Love i versjonar av Beyonce, The Puppini Sisters og The Baseballs