Terningkast seks

«Zeshan Shakar og Don Martin lager T-baneteater på hiphopens premisser. Det gjør Rommen Scene til en av de morsomste og viktigste stoppestedene akkurat nå»

«Med smart regi, energisk spill, morsomme replikker, kvikke vendinger og saftig språk er «Linje 5» en vitaminboost på en mørk høstkveld»

Terningkast fem

«Vitalt og viktig fra den delte byen»

Som ein nervetråd slynger ho seg gjennom hovudstaden frå vest til aust. Linje 5 er ei av linjene på T-banekartet i Oslo, ei hovudåre på skjener.

Den lengste banen i aust, den som først forlet felleslinjene på veg ut av sentrum og som fraktar flest folk i løpet av ein dag. I Don Martin sin låt Hvis linje 5 kunne snakke samanliknar han banen med ei livslinje og syng om alle dei som er « vei i samme fart til bryllup og begravelse».

Alle tek banen

På denne banen stig mengda av ein norsk småby inn og ut kvar einaste dag. No vil Linje 5 ta bladet frå munnen og fortelje om byen vår og menneska i han. Saman med forfattaren av Tante Ulrikkes vei, Zeshan Shakar, skriv Don Martin forteljinga om dei ulike individa som pressar seg inn på den same strekninga. Alt frå forfattarar til fyllikar, marka-entusiastar og bankranarar side om side, tett i tett. Framsyninga vil løfte fram det fellesskapet og den tilhøyrsla som pregar den delen av Oslo og dei som bur på linja frå sentrum og autstover.

Kvardagsbilde

Don Martin som gjorde braksuksess med framsyninga Blokk til blokk, er igjen tilbake på scenen ved Det Norske Teatret. Saman med andre aktørar skal han attskape ei kjent og kvardagsleg handling i scenerommet. Ramma er ei t-banevogn, og publikum får bli med på ei reise gjennom den norske verkelegheita.

Høyr artikkelen over som podcast!

Finn ut meir