Ei feelgood-framsyning om ting vi ikkje orkar å tenkje på.

I selskap med klovnen slappar vi av og senker skuldrane. Dei overdimensjonerte hattane og bartene har gitt The Flying Seagull Project innpass i Europas verste flyktningleirar, som elles er utilgjengelege for ålmenta. Dei fargerike kleda og den ukuelege energien står i sterk kontrast til forholda som møter dei.

«Lek for livet» er historia om The Flying Seagull Project, ei gruppe klovnar, akrobatar og musikarar, som reiser verda rundt for å spreie kjærleik, lys og latter. Det er også historia om Bendik, ein 30-åring frå Stjørdal, som reiser verda rundt som klovn. Kva motiverer han? Kva gjer det med han å stå ansikt til ansikt med traumatiserte barn? Men dette er også historia om kva det gir å inspirere menneske som har risikert livet for å overleve.

I ni år har The Flying Seagull Project gått inn i flyktningleirar, lagt eit tau i ring og begynt å klovne. Heftig. Dag etter dag, på samme stad, heilt til barn som har vore stumme i månader og tenåringer med ansiktstrekka til ein trettiåring startar å le, snakke, leike og synge. No kjem gruppa til Oslo og inviterer publikum til å ta del i leiken og latteren, men også dei menneskelege kostnadane med det heile.

Det blir leik, klovning og akrobatikk. Og det djupaste alvor.

MED:
Aktørar frå The Flying Seagull Project

Framsyninga er ein samproduksjon mellom Turnéteatret i Trøndelag, Teater Ibsen og The Flying Seagull Project og kjem til Oslo i samband med Heddadagane 2020.