Terningkast seks

En magisk happening

Terningkast seks

David Bowies «Lazarus» er ikke vanlig teater, ikke vanlig musikal, ikke vanlig noe som helst

Terningkast fem

En opplevelse helt utenom det vanlige.

Ei av David Bowies siste gåver til fansen. Basert på filmen The man who fell to earth, med 18 av dei finaste låtane til Bowie.

På same tid som David Bowie arbeidde med avskjedsalbumet sitt Blackstar, skreiv han saman med Enda Walsh musikalen som hadde premiere i New York knappe to månader før popikonet gjekk bort. Med Lazarus trekker han ein musikalske boge frå Blackstar tilbake til den musikalske starten og den skakke science-fiction-filmen The man who fell to earth, der Bowie sjølv spelte hovudrolla i 1976.

Poetisk science fiction

Thomas Newton, ein utanomjordisk karakter, er sendt til jorda for å leite etter vatn til den uttørka planeten han kjem frå. I møte med det umenneskelege blant dei jordiske, knekk han saman. 40 år seinare er han framleis på jorda, dømt til evig liv og forsøker å drukne spøkelsa frå fortida i gin. Dette lykkast han ikkje med, og medan han lengtar etter forløysing, vekslar han mellom verkelegheita og sinnsforvirring. Det handlar om kjærleik og tap av kjærleik, om einsemd og om å kjenne seg framand. Lazarus er ein poetisk lengt etter døden - med følge av 18 sterke låtar frå Bowies rike katalog.

Meister i forvandling

Bowie var ein meister i forvandling, i fornying og i å skape karakterar som prega musikkscenen frå 60-talet fram til hans siste musikkvideo. Look up here, I’m in heaven, syng han profetisk frå sjukesenga, 3 dagar før han gjekk ut av tida. Han som formidla kunsten sin gjennom ulike figurar som Ziggy Stardust, Major Tom, Aladdin Sane og Thin White Duke, sørgde for at teateret fekk del i denne arven gjennom musikalen Lazarus.

Anders T. Andersen har regien på Lazarus, som sidan premieren i november 2015 også har vore spelt i London og i ulike tyskspråklege byar. Med seg har han eit songsterkt ensemble på 8, og eit orkester på 7. Drage Kleiva og Olav Myrtvedt har ansvar for scenografi og kostyma.

Foto: Gavin Evans

Velkommen til innsikt

Omvising

Bli med på baksida!

Korleis blei Lazarus til? Kva gjer skodespelarane før framsyning? Korleis ser det ut bak scenen? Bli med på omvising og få innsyn i alle teaterhemmelegheitene! Les meir her

Omsetjar Heidi Sævareid og regissør Anders T. Andersen møttest i sommer på Deichmanske bibliotek i Oslo til ein samtale om David Bowi - høyr podkasten her.

Forfattar og journalist Torgrim Eggen fortel om David Bowie, mannen med tusen ansikt og ein vrimmel av uttrykk.

Kva for song er din favoritt? Lytt til Lazarus (Original Cast Recording)

Finn ut meir