Kvitebjørn Kong Valemon

Eit eventyr om kjærleikens kraft.

Med utgangspunkt i den kjende historia om kvitebjørnen som er bjørn om dagen og menneskeprins om natta, har vi laga ei ny og dramatisk forteljing for barn på Hovudscenen.

I Kvitebjørn Kong Valemon møter vi ei jente som får ein strengeleik av far sin. Ein dag møter jenta ein kvit bjørn i skogen. Ho blir livredd, men redsla går over til undring og nysgjerrigheit når ho oppdagar at strengeleiken gjer henne i stand til å kommunisere med bjørnen.

Fortrolla prins

Jenta blir med bjørnen heim, og undringa veks til nye høgder når sola går ned, og ein ung mann plutseleg står der bjørnen nett stod. Dei finn tonen og forelskar seg i kvarandre, men krava han stiller til henne er nesten umenneskelege. Kva er dette for eit vesen? Kvifor er han så løyndomsfull? Og korleis skal jenta greie å fri han frå hans vonde lagnad?

Passar for familiar og barn frå 5 år.

 

Feire barnebursdagen på Det Norske Teatret!

barnebursdag