Kvinnerommet

Tidas blikk på kjønn, klasse og på urfolk gjer handlingsrommet trongt. Korleis taklar dei tre kvinnene dette, og korleis blir dei påverka av det?

Kvinnerommet er ein nyskriven same- og kvinnepolitisk teaterfabel av Sven Henriksen, basert på historiske fakta og dagsaktuelle hendingar.

Året er 1890. Ei samisk kvinne ønsker å betre beiteforholda for reinflokken sin, og oppsøker slottet. Det utløyser eit møte mellom kvinna, ei hoffdame og ei dronning. Dei utfordrar kvarandre gjennom ulikskapane sine og det dei har til felles.

Tidas blikk på kjønn, klasse og på urfolk gjer handlingsrommet trongt. Korleis taklar dei tre kvinnene dette, og korleis blir dei påverka av det? Handlinga og rollene tar eit sprang i tid mellom den gongen og no. I eit burlesk og poetisk scenisk uttrykk blir spørsmålet om kva som har enda seg frå 1890 til i dag stilt.

Gjestespel frå Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš.

Framsyninga blir teksta til norsk.